Hopp til innhold

Stein stengde køyrefelt på riksveg

Eitt køyrefelt på riksveg 5 like utanfor Naustdal sentrum var stengt i vel ein time etter at ein stein ramla ned i vegbana. Vegen er no opna for fri ferdsle.

Stein på riksveg 5

IKKJE FARE: Ifølgje entreprenøren på staden skal det ikkje vere fare for meir ras i området.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi fekk melding like over klokka 18 om at det hadde ramla ned steinar i vegbana om lag ein kilometer utanfor Naustdal sentrum mot Førde, ved Naustdalsneset, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Roger Nedberge Hille.

Det synte seg å vere ein større stein som hadde ramla ned på vegen og vorte knust i fleire mindre steinar.

– Nøyaktig kor stor steinen var, kjenner eg ikkje til, seier Hille.

Klokka 19.06 vart vegen opna for fri ferdsle etter at steinane var rydda vekk.

Kan ha sklidd ned i vegbana

Entreprenøren kom til staden om lag klokka 18.25 for å vurdere rasstaden.

– Vi veit ikkje kor høgt oppe steinane kjem ifrå. Det er mogleg at dette er steinar som har lege oppe i sida og som rett og slett har sige ned i vegbana. Entreprenøren har vurdert det som trygt å halde vegen ope, og det er ikkje noko som tilseier at det skal rase meir, seier Hille.

Ingen vart treft av steinen då han kom ned, men politiet var på staden for å hjelpe til med trafikkavviklinga.

– Vi hadde ei patrulje på staden som hjelpte til med å dirigere trafikken, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Odd Arve Solvåg.