Hopp til innhold

Statkraft kuttar over 200 tilsette i Norge

Statkraft kutter 500 stillingar for å spare kostnadar. Av desse er over 200 i Norge.

Statkraft Ren energi

KUTT: Statkraft skal spare 800 millionar kroner dei neste åra.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Bakgrunnen er at Statkraft har køyrt eit program fram mot 2018, der vi jobbar med må tilpasse oss ei utvikling med vedvarande lågare priser i Norden. Eit forhold som pregar heile bransjen, seier pressetalsmann i Statkraft, Knut Fjerdingstad.

Kraftselskapet har om lag 4200 tilsette og av desse er 3500 arbeidsplassar i Norge. Allereie i 2016 var 84 årsverk kutta, og ytterlegare kutt vert gjort utover året. Statkraft håper å vera i mål med kutta innan utgangen av 2018.

Frivillig avgang

Stillingane vert kutta over heile landet og pressetalsmannen vil ikkje gå inn på kor mange årsverk som vert råka i Sogn og Fjordane.

Konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft

KONSERNSJEF: Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Det er for tidleg å seie noko om kor vi skal ta stillingane, men på generelt grunnlag vert dei tatt over heile selskapet, seier Fjerdingstad.

Statkraft håper å få unna kutta utan å måtte gå til oppseiing av tilsette.

– Vi håper å gjennomføra dette med frivillige tiltak, men tida vil vise om vi greier det, seier konsernsjef i Statkraft, Christian Rynning-Tønnesen.

Trallebana inst i dalen i Høyanger.

HØYANGER: Statkraft vil ikkje gå ut med tal på kor mange av dei årsverka som skal kuttast som vert tatt i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK