Politiet ønskjer også fleire tips frå publikum som var i Sogndal sentrum mellom klokka halv to og halv fire natt til torsdag.
Leitar i Oslo
Den etterlyste somaliaren har framleis ikkje meldt seg. Politiet leitar no etter mannen i Oslo, dit han tok bussen torsdag kveld. Somaliaren er ikkje etterlyst gjennom Interpol. Det kom fram på eit orienteringsmøte som politiet heldt i Sogndal i ettermiddag.
Somalisk miljø vil hjelpe
Det somaliske miljøet i Oslo gjer alt dei kan for å hjelpa politiet med å finna 35-åringen. Somalisk velferdsforening er kontakta av politiet for å få opplysningar om somaliaren som er etterlyst. Det seier Said Farah som er nestleiar i foreininga. No ventar somaliarane på eit bilete frå politiet for å finne ut om dei veit kven han er.