Hopp til innhold

Startar produksjon av morrpølse att

Terina i Sogndal set i gang att produksjonen av Sognemorr førstkomande måndag.

Terina Sogndal
Foto: Scanpix

Anlegget har ikkje produsert spekepølsa sidan den vart knytt til E.coli-smitten i mars. I forrige veke truga Gilde-styret med å flytte produksjonen permanent bort frå Sogndal dersom Mattilsynet ikkje oppheva produksjonsforbodet.

- Heilt herleg

- Det er heilt herleg. Eg har nesten ikkje ord for kor godt det er å vere ei gang att.

Tillitsvald på Terina i Sogndal, Gerd Signe Grinde Håre, er letta. Vedtaket Mattilsynet i indre Sogn gjorde måndag inneber at produksjonen kjem i gang att for fullt, og at trugsmålet om å flytte 20 arbeidsplassar bort frå Sogndal ikkje lenger er reelt. Anleggssjef Per Steinar Sviggum var tysdag føremiddag i gang med å førebu produksjonsstarten.

I butikkane om fire veker

- Vi planlegg å starte produksjonen førstkomande måndag, og då tek det om lag fire veker før produkta er i butikkane.

Start på vilkår

Men distriktssjef Merete Lunde i Mattilsynet seier at det er knytt visse vilkår til at Terina i Sogndal skal få starte produksjonen no.

- Det går på innhaldet i pølsa, rutinar for reinhald og rutinar for prøvetaking. Dei må ta prøver for E.coli.o 103, og resultata må ligge føre før dei sender pølsene ut på marknaden.

- Spent på forbrukarane

Dersom desse vilkåra blir oppfylte, får Terina og morselskapet Gilde svar på det store spørsmålet: Korleis vil forbrukarane no ta imot sognemorren? Sviggum vedgår at han er svært spent:

- Sognemorren er nok så knytt til e.coli-saka at det vil påverke salet, men det får vi svaret på når pølsene er i butikkane, så får vi sjå korleis volumet blir, vi er litt usikre på det.