Hopp til innhold

Startar opp att søket i dag

Operasjonssentralen i Florø opplyser at 40 medlemer frå Røde Kors Hjelpekorps i Sogn kjem til Årdal i dag.

Leitemannskap søker etter 17 år gamle Charlotte Moene frå Øvre Årdal.
Foto: Porten.no / NRK

Politiet vil i løpet av dagen gjennomføre eit systematisk søk i sentrum av Øvre Årdal. I følgje Sogn Avis kjem medlemer frå Balestrand, Leikanger, Luster, Aurland, Sogndal og Lærdal til Årdal for å bistå operasjonsleiinga og dei frivillige i arbeidet. I tillegg kjem også fire nye ekvipasjar frå Norske Redningshunder og tolv mann frå sivilforsvaret.

Helikopter

Politi søkte i går kveld med helikopter i fjellet etter den sakna. Det same helikopteret deltek også i dag i søket. Helikopteret skal i følgje operasjonsentralen søke i Utladalen.

I tillegg kjem ei breredningsgruppe til Årdal for å starte søk i ulendt terreng.

Ynskjer tips

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Den sakna reiste frå heimen kring kl 11.00 måndag føremiddag, og hadde ein avtale kl 12.00 som ho ikkje møtte opp til. Foreldra melde henne sakna klokka 15.30 same dag.

Tips og observasjonar kan ein gje til Operasjonssentralen Sogn og Fjordane politidistrikt på telefon 02800, eller næraste politi.

Lys goretex-jakke

Jenta er 170 cm høg, har skulderlangt mørkeblondt hår med blonde striper. Då ho forsvann hadde ho på seg ei lys goretex-jakke med limefarga felt, dongeribukse som var lys/mørk og kvite sko.