NRK Meny
Normal

Starta sesongen med NM-gull

Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø) starta laurdag innandørssesongen med NM-gull i Stangehallen.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

NM-GULL: Øyvind Strømmen Kjerpeset viste første NM-dag i Stangehallen at han held fram utviklinga si.

Foto: Helge Langen / Vestpress

Strømmen Kjerpeset sprang inn til tida 6,92 på 60 meter, og var med det to hundredelar føre sølvvinnar Henrik Johnsen (Tjalve).

I same finalen vart Jostein Fossøy (Florø) nummer seks med tida 7,00.

– Det er ein sterk prestasjon med gull og to frå fylket i finalen på 60m i eit norsk seniormeisterskap. Øyvind Strømmen Kjerpeset imponerer med sprinttidene sine på ein for han kort distanse. Det viser at han har utvikla hurtigheita si noko som nok kjem godt med når distansen er 400m hekk utandørs, seier ein storveges nøgd dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane, Narve Heggheim.

I forsøksheatet leverte nemnde Fossøy ei sterkare tid enn i finalen som ville halde til delt 2. plass i finalen, 6,94.

Vegopning på Bergum i Førde kommune