NRK Meny
Normal

Starheim raljerer med regjeringa

- Det var urealistisk å vente meir pengar til Stad Skipstunnel, seier stortingsrepresentant Åge Starheim (Frp).

Åge Starheim
Foto: Vegar Erstad / NRK

Starheim raljerer med regjeringa si vilje til å byggje tunnelen. Senterpartiet lova alt for fire år sidan at den skulle bli påbegynt seinast i år.

- Burde fått pengar

Heller ikkje ved årets statsbudsjett vart det løyvd pengar til Stad skipstunnel . Det gjorde styreformann Jan Helgøy i tunnelselskapet skuffa, og både fiskarlaget og ordførarar er skuffa over framdrifta. For alt i førre valkamp lova Senterpartiet at tunnelen skulle vere klar til bygging før perioden var over.

- Det burde absolutt vore løyvd pengar over statsbudsjettet no, meiner Helgøy.

- Kunne sett av

Tidlegare er det gjeve lovnad om 200 millionar kroner til tunnelen ut i planperioden mellom 2015 og 2019 dersom kvaliteten på prosjektet vert godkjent. Frp-stortingspolitikaren trur ikkje at dei raudgrøne vil syte for ein tunnel før mot slutten av denne perioden. Han stiller spørsmålsteikn ved om regjeringa vil ha tunnelen.

- Ein veit resultatet av det arbeidet som no pågår. Det er ikkje noko som har endra seg, i allefall ikkje i negativ retning. Slik sett kunne ein sett av pengar for lengst om ein verkeleg ville byggje dette prosjektet, seier han.

- Den vil komme

Fylkesleiar i Senterpartiet, Knut M. Olsen, seier ein ikkje kan vente løyvingar i 2010 for tiltaket som ligg lenger framme i tid. Tiltaket er vege opp mot andre samferdsletiltak, men vart funnen for lett.

- Dette er ein måte å manipulere tal på og lure folk. Realiteten er at alle dei fire første åra, 2010-2013, står det kva ein skal bruke pengar til. Det er følgt opp i statsbudsjettet i dag, seier han og kjenner seg trygg på at Stad skipstunnel vil komme.

Vegopning på Bergum i Førde kommune