Hopp til innhold

Stal pengeskrin

Verdiar for kring 15 000 kroner er stole frå Fredheim Maskin AS på Kaupanger.

Inbrotet skal ha skjedd i løpet av helga.

Tjuvane skal først ha brote seg inn i ei brakke, der dei har fått med seg nøklar til hovudbygningen.

- Der har tjuvane fått med seg eit pengeskrin med mellom 12 000 og 15 000 kroner i. I tilegg har dei fått med seg ein del ferjekort, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Einar Vereide.

Sikra spor

Politiet veit ikkje kven som står bak tjuveriet.

- Men politiet har vore på staden, og sikra spor. Dersom det er folk som har sett noko er vi svært interessert i tips frå publikum, seier Vereide.

Politiet fekk melding om innbrotet klokka 17.28.