Hopp til innhold

To menn arresterte etter krasj i stolen bil

To personar er arresterte og sett i arresten etter at ein stolen bil vart funne krasja ved avkøyrsla til Botnane i Bremanger.

Trafikkulukke i Bremnager

Bilen vart meldt stolen i Florø i 22.30-tida. Ein time seinare fekk politiet melding om at bilen stod krasja nær Myklebustkrysset på fylkesveg 614 i Bremanger.

Då det ikkje var personar i nærleiken sette Røde Kors, brannvesen, Norske redningshundar, redningsskøyta Halfdan Grieg og politiet i gang søk.

– Like før klokka 02 arresterte vi to personar ved Ytrehus, som vi mistenkjer har køyrt bilen. Dei sit no i arrest i påvente av avhøyr og vidare etterforsking, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Funnen sterkt nedkjølt

Mennene er i 30- og 40-åra. Begge er heimehøyrande på Sunnmøre og såkalla kjenningar av politiet.

Bilen hadde vore utfor vegkanten og mest truleg gått rundt ein gong, før den stogga i eit trafikkskilt.

– Den eine var nedkjølt som følgje av at han var i fjorden eit par gonger. Utover det har vi ikkje fått melding om personskade, seier Hatlenes.

– Kvifor har han vore i fjorden?

– Det er noko som vi må få kartlagt under avhøyr.