Hopp til innhold

To menn sikta for tjuveri av kommunal tenestebil

To menn vart i føremiddag pågripne av politiet i Høyanger. Mennene er sikta for å ha stole bil frå kommunen.

Høyanger sett frå Bugeheia

HØYANGER: Dei to mennene skal vere heimehøyrande i Høyanger kommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Bilbrukstjuveriet vert sett i samanheng med eit innbrot på heimesjukepleia sitt kontor natt til søndag.

Mennene er i 30- og 40-åra.

– Det ser ut til at tjuven eller tjuvane har teke med seg nøkkelen til tenestebilen. Elles var ingenting borte, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dei to mennene vart sett i samanheng med innbrotet og bilbrukstjuveriet då bilen vart observert i nærleiken av bustaden til ein eller begge dei sikta.

Ifølgje politiet skal den eine vere ein såkalla kjenning av politiet, medan den andre ikkje blir omtala som noko gjengangar. Mennene er no i avhøyr.