NRK Meny

Stakk av frå påkøyrd hjort

Ein bilførar kan vente å høyre frå politiet etter å ha stukke av frå ei hjortepåkøyrsle på E39 aust for Lavik i natt. Hjorten låg att i live, men skada. Viltnemnda kom til staden og avliva hjorten. Politiet strekar under at alle som er innblanda i vegtrafikkuhell med eller utan skuld, straks skal stanse og hjelpe personar og dyr som er kome til skade.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast