Hopp til innhold

Stakk av frå kontroll

Ein utanlandsk trailersjåfør prøvde å stikke av frå ein kontroll i Førde i går. Det mangla bremsar på to av hjula på tilhengaren hans. Han vart innhenta av politiet. Kontrollørane til Statens vegvesen stansa også ein sjåfør som hadde lasta for mykje på og ein som ikkje hadde kjettingar.