MRSA-bakterie. Copyright: Cellsalive.com
Gule stafelykokkar er blant dei vanlegaste bakteriane vi har, og mange har dei utan å verte sjuke. Samstundes er den ein vanleg årsak til betennelsar i ulike typer sår. Her i fylket har det vore påvist enkelttilfelle av dei resistente bakteriane tidlegare, men aldri eit utbrot der fleire har vore smitta samstundes. No er det grunn til bekymring, seier smittevernlege ved Førde sentralsjukehus, Reidar Hjetland.
- Dette ser vi alvorleg på. Vi har tidlegare hatt ein del enkelttilfelle som ikkje har spreidd seg, men no har vi eit utbrot som vi må prøve å avgrense.
Dukka opp att
Det var for omlag to månadar sidan at bakterien vart oppdaga ved Årdal sjukeheim. Det vart då sett i verk tiltak som stoppa MRSA-utbrotet. Men bakterien dukka opp igjen, og no er mellom fem og 10 personar smitteberarar av dei gule stafylokokkane. Ansvarlege legar i Årdal vil enno ikkje la seg intervjue om saka, men NRK får opplyst at dei gjer det dei maktar for å få kontroll på situasjonen.
Kan vere farleg
Hjetland har hjelpt Årdal kommune i arbeidet med å bli kvitt MRSA-utbrotet. Han seier at bakteriane kan vere farlege, men det største problemet er at behandlinga er svært tidkrevjande.
- Det som er spesielt med MRSA er at han er spesielt resistent mot antibiotika, og dermed noko vanskelegare å behandle.
Ikkje uvanleg i Noreg
Sjølv om Sogn og Fjordane så langt har vore skåna for MRSA-utbrot, er ikkje dette eit uvanleg fenomen i Noreg. Fleire sjukehus og andre institusjonar har hatt desse problema. Bakterien kan smitte frå institusjon og ut i lokalbefolkninga, men Hjetland trur ikkje det er grunn for folk i Årdal å ta spesielle forholdsreglar.