Hopp til innhold

Stadig fleire vel bubilferie

Det er aldri selt så mange bubilar som det er gjort hittil i år. Årsakene er mange, seier Iris Rysjedal hjå Caravan Vest.

bubil

REKORDSAL: Stadig fleire nordmenn kvittar seg med campingvogna og kjøper seg bubil.

Foto: Audur Rafnsdottir

I Fjor selde dei seks bilar på Caravan Vest i Gaular, og allereie no er dei kome opp i same talet på sal av bubilar. I resten av landet har salet vore rekordhøgt. Hittil i år er det selt 2000 bubilar så langt i år, samanlikna med 2600 i heile fjor.

Kvittar seg med campingbilane

Ei av årsakene til det gode salet er at folk ønskjer seg meir fleksibilitet.

– Enkelte har campa i mange år, men no kvittar folk seg med campingvognene sine for å ha meir fleksibilitet og større moglegheit til å fricampe, seier Rysjedal.

Ikkje minst er komfort blitt stadig viktigare for folk. Dei som ferierer med bubil vil ha komfort. Det er stort sett folk over 50 år som kjøper bubil, og det er mange som vil ta med barneborna på tur. Då er komfort viktig, seier Rysjedal.

– Folk er ute etter ei skikkeleg seng, golvvarme, store kjøleskap og benkeplass, og nesten alle vil ha steikeomn i bubilen. Det seier mykje om at komfort er viktig for folk, fortel bubil-seljaren.