Hopp til innhold

Stadheim-ja til FFK

Sogndal får 3,5 millionar kroner når Anders Stadheim skriv under for Fredrikstad Fotballklubb onsdag ettermiddag.

 

Anders Stadheim
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Sjølv om det har vore andre klubbar inne i biletet er Stadheim bombesikker på at han skriv under for Østfold-klubben.

- Det kjennest rett

- Rundt klokka 16.30 har eg skrive under, reknar eg med. No har eg teke eit val, og eg går 100 prosent for det, det kjennest rett.

Dermed er Sogndal sitt andre spelarsal på ei veke eit faktum. Lyn gav fem millionar kroner for Christian Brink - no går Stadheim for 3,5 millionar. 

- Viktig at Sogndal fekk pengar

- Slik marknaden har utvikla seg er det veldig fint for meg å kunne gje litt tilbake til Sogndal, for Sogndal har vore svært romsleg i denne prosessen. Det har vore ein veldig fin overgang, så det var viktig for meg at dei fekk litt pengar.

FFK ikkje fristande i utgangspunktet

Det har vore ein svært dårleg bevart løyndom at Stadheim ville vekk frå Sogndal og få spele på eit høgare nivå. Han vedgår at Fredrikstad ikkje var fristande i utgangspunktet, men di meir han fekk vite om Østfold-klubben - di meir freistande vart det.

- Med ny stadion, satsing og entusiasme blant publikum. Det er veldig mykje interessant og spennande som skjer i Fredrikstad no, og det fekk eg inntrykk av og difor fann eg det rett å hoppe på tilbodet.

- Håpar på debut mot Vålerenga

No er det landslagspause, slik at Stadheim får god tid å bli komfortabel i Fredrikstad før alvoret tek til.

- Neste kamp er borte mot Vålerenga neste helg, og om alt går i orden håpar eg å vere med i troppen til den kampen, men det får vere opp til dei som stuyrer med dette.

Tredje i rekka av 80-årgangen

Anders Stadheim er den tredje av den såkalla gylne 80-årgangen i Sogndal som går til til tippeligaklubb. Først vart Alexander Ødegaard seld til Rosenborg og vidare til Viking, og så kom turen til Tommy Øren, som spelar i HamKam.