NRK Meny

Spyttar inn pengar til gondolbana

Etter ei ekstraordinær generalforsamling på Hotel Alexandra i går, har Garaventa AG bestemt seg for å gå inn med ytterlegare 25,7 millionar kroner til gondolbana som er under bygging i Loen i Stryn, det skriv Fjordingen i dag. Garaventa er firmaet som skal levere sjølve gondolbana, og dei står no med ein eigardel på om lag 20 prosent av Hoven Loen AS. Selskapet som først var planlagt å ha ein aksjekapital på 202,5 millionar kroner, er no oppe i 267,5 millionar kroner, og prosjektet er fullfinansiert.

På pynten
Foto: Arkitekt Tore Geir Aaland og siv. ing. Eva Eide Koefoed / Teikning
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.