NRK Meny
Normal

Språkrådet: – Ferjene skal bruke nynorsk

I dag fekk Norsk målungdom svaret dei hadde håpa på.

Nyeferja "Lifjord" på sambandet Lavik-Oppedal.

BØR BRUKE NYNORSK: I dag slår Språkrådet fast at nynorsk bør brukast på ferjer som opererer i nynorskkommunar.

Foto: Malena Nyland

Språkrådet slår i dag fast at dei same krava bør stillast til skilting på ferjer, som langs vegane.

– Rett og rimeleg, slår Fredrik Hope i Norsk Målungdom fast i ei pressemelding.

Fekk svar i dag

I januar sende Norsk Målungdom spørsmål til Språkrådet om kva språk som skal nyttast på ferjer i nynorskområde. Det var på bokmålsbruken på ferjesambanda Anda-Lote og Lavik-Oppedal som hadde fått målungdomen til å reagere.

I dag har dei fått svar, og det levnar lite rom for tvil: ferjene skal ha skilt og informasjonsopplesing på nynorsk:

«Drifting av riksvegferjer er ei statleg oppgåve som blir sett ut på anbod av Statens vegvesen. Det er såleis rimeleg at det blir stilt dei same krava til skiltinga om bord på ferjer, som til skilt langs vegane.», står det i svarbrevet Språkrådet har skrive.

Forventar snarleg oppfølging

No forventar dei at ordførarar i nynorske ferjekommunar følgjer opp. Det same gjeld Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen, som også har fått tilsendt svarbrevet frå Språkrådet.

Sentralstyremedlem i Norsk Målungdom Fredrik Hope

RETT OG RIMELEG: Fredrik Hope, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom, er nøgd med svaret dei har fått frå språkrådet.

Foto: Odin Hørthe Omdal / Pressefoto

– Dei som driv ferjene i fylket forvaltar i røynda eit stateleg tilbod. Tydelege språkkrav og god oppfylging frå dei som lyser ut desse tilboda er viktig for at nynorskbrukarane sine språkrettar skal verte realisert, poengterer målungdomen.

I same svarbrev uttaler Språkrådet seg om kva reglar som gjeld for snøggbåtar i nynorskområde.

– Her legg dei til grunn at dei same prinsippa skal gjelde for både ferjer og snøggbåtar, sjølv om Mållova ikkje gjeld på same måte for snøggbåtar. Her må nynorskfylka vere språkmedvitne når dei skriv anbodstekstar. Det vil gagne både nynorsken og nynorskbrukarane, skriv Hope.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.