I Askvoll kan dei i dag gle seg over at det blei opna to nye basestasjonar, noko mange innbyggjarar set stor pris på.
– Dette er veldig gledeleg. Innbyggjarane har uttrykt stor glede for at dei har fått mobildekning, seier høgreordførar Frida Melvær i Askvoll.
Ikkje økonomisk forsvarleg
Telegiganten Telenor ville ikkje ta heile kostnaden åleine fordi dei meinte det ikkje var bedriftsøkonomisk forsvarleg.
Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, tvilar på at dei kunne ha opna to nye basestasjonar Rivedal og Skjærslia om det ikkje hadde vore for spleiselaget.
– Askvoll kommune tok kontakt med oss for halvanna år sidan med ønskje om betre mobildekning. Vi signerte ein samarbeidsavtale og det har ført til at to basestasjonane i dag kunne opnast.
– Kor viktig var samarbeidet?
– Det hadde neppe blitt gjennomført utan ein slik avtale. Det er ofte dyrt å få straumen fram og det manglar infrastruktur. Når det ikkje går rundt økonomisk, er det fint å kunne gjere dette i eit samarbeidsprosjekt. Det er god gammaldags dugnadsånd, seier han.
Set pris på spleiselaget
Ordførar Frida Melvær tykkjer det er heilt greitt med eit spleiselag.
– Det heilt topp. Det er ei utfordring at det er svært kostbart med utbygging i distrikta. Skal kommunen åleine ta det, blir det veldig dyrt. Det ville også teke lang tid, for vi har så mange prosjekt.
– Forstår at du Telenor ikkje vil ta heile rekninga sjølve?
– Eg vil ikkje skulde på dei. Mobildekning og breiband er eit grunnleggjande behov hos folk uansett kvar du blir. Eg vil seie det er eit statleg ansvar.