NRK Meny
Normal

Spente før starten på laksefiske

NORDFJORDEID (NRK): Ved midnatt startar laksefiske i fleire elver i fylket. I Eid er ivrige fiskarar allereie på plass, og følgjer spent med på om fisken er i ferd med å gå opp i elva.

Christian Platou, Sven Morten Eikeset og Reidar Solheim

SESONGSTART: Christian Platou, Sven Morten Eikeset og Reidar Solheim tel timar fram mot midnatt og fiskeopning.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Sidan onsdag i førre veke har det gått jamt med fisk opp i elva, seier Sven Morten Eikset, som er leiar i Eid sportsfiskarlag.

Saman med Christian Platou og veteran Reidar Solheim står han og speidar etter laksen som no har starta vandringa opp i Eidselva for å gyte.

– Det er mykje fin fisk, alt ifrå 6–7 kilo til 10 kilo, og vi har også sett dei som var større.

Opnar ved midnatt

82 år gamle Reidar Solheim har fiska mykje laks i Eidselva og starta karrieren med bambusstong.

– Eg ha vore laksefiskar sidan eg var liten gut. No har eg slutta å fiske sjølv, men eg likar godt å sjå at andre får fisk.

Med mange års erfaring veit han godt kvar laksen står.

– I går såg eg to store ved Skipenes bru, kona såg ingen, ler Solheim.

Fast gjest i 37 år

Sjølv om Eidselva ikkje blant dei beste lakseelvene i landet, har den så absolutt sine tilhengarar. Christian Platou har kvart einaste år, heilt sidan 1979, tatt turen frå Austlandet til Eid for å fiske laks.

– Eg har blitt kjend med mykje folk, og kjenner elva ganske godt, så eg tykkjer det er svært hyggeleg å kome attende her kvart einaste år.

– Korleis vurderer du elva i landssamanheng?

– Eg har fiska mange stader, men for meg har det mykje med kjensler å gjere også. Eg har fått mykje store laksar opp gjennom åra, og eg tykkjer det er ei triveleg elv å fiske i, seier Platou.

Fiske etter trekning

For 14 dagar sidan var det trekning blant medlemmene i Eid Sportsfiskarlag om kven som skulle få gleda av å fiske på opninga.

– Sidan då har vi gått og kjent på kriblinga i kroppen, seier Eikset.

Den nedre delen av elva har også blitt eit ynda turområde, etter at det var lagt til rette med stiar. Mange nyttar høvet til ein tur langs elva for får å sjå om det er nokon som får fisk.

– Dette er rekreaksjon for oss, og vi treng ikkje alltid ha med stong og fiskekort heller, seier Eikeset.

Med tanke på opninga ved midnatt er han optimist, og trur på godt fiske.

– Akkurat i år har eg tru på godt fangst i heile elva under opninga. Elva er forholdsvis varm og ikkje så stor, og då er moglegheitene gode over alt, seier Eikeset.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser