Hopp til innhold

Speleautomatar brotne opp

Det har vore eit innbrot på Narvesen i Øvre Årdal natt til torsdag. Det har i hovudsak gått ut over speleautomatane, som er brotne opp.

Politiet fekk melding om innbrotet litt før klokka fire, då alarmen gjekk hjå Securitas, opplyser operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Politiet veit førebels ikkje kor mykje pengar som er stole.

Dei vil gjerne ha tips frå folk som har sett bilar i området i løpet av natta.