Hopp til innhold

«Stor ære å få spele på Bremuseet, og på verdas viktigaste ressurs»

Komponist og musikar, Terje Isungset, heldt konsert på Bremuseet, og framførte musikk på 1000 år gamal is frå Jostedalsbreen.

Terje Isungset spelar på is-strument på Bremuseet i Fjærland

MUSIKK FRÅ BREEN: Musikar og komponist Terje Isungset spelar på is under isen, og har nytta is frå Jostedalsbreen for å lage eit horn som han spelte på under konserten (FOTO/REDIGERING: Halvor Farsund Storvik)

– Is frå ulike plassar har sin eigen klang, og isen frå Jostedalsbreen har ein eigenart, seier Isungset.

Det er eit ekstra spenningsmoment når musikaren skal halde konsertar: Kjem instrumenta til å smelte vekk før konserten er ferdig og korleis endra lyden seg undervegs? Isungset fortel at dei har blitt nokså rutinerte.

– Ein må ha frysebil, så i den forstand har vi juksa litt, seier han.

Fått isen servert

Det er tredje gong Isungset spelar på is frå Jostedalsbreen og ifølgje han sjølv blir det ein ekstra dimensjon når ein spelar på isbreis. Men komponisten var ikkje med på heile prosessen.

– Bremuseet henta isen for meg, så eg har heldigvis ikkje måtte hente den sjølv. Det er svært tungt arbeid, fortel han.

Isungset meiner det er fleire interessante perspektiv knytt til å spele på is.

– Når ein ser på det i eit menneskeleg perspektiv er isen ganske gammal, og når ein ser på det i eit miljøperspektiv er det svært interessant, seier musikaren.

– Det kjennast som om det handlar om noko større og det handlar ikkje om meg. Eg blir berre ein formidlar, fortel han.

Visuelt vakkert

Publikummarane som vitja konserten i Bremuseet var svært fascinert over det dei nettopp hadde teke del i.

– Det må jo vere noko elektronikk med i biletet her, seier Inger Hågård.

Det visuelle ved opplevinga fekk også mange lovord frå vitjarane.

– Det å sjå musikarar som står det med skinnhette og vottar, det er veldig spesielt og heilt utruleg spennande, seier Kirsten Flaten.

Men for nokre varte ikkje spenninga lenge nok.

– Eg trudde han skulle spele heilt til all isen hadde smelta, fortel Hågård.

Det enklaste er det vanskelegaste

Isungset har laga mange ulike instrument av is, blant anna isharpe, isfele, isgitar og tubais, men hevdar at enkle ting ofte kan vere vanskeleg.

– Det å få små bitar med is til å klinge godt er nesten umogleg. Isen må finne deg, det er rett og slett eit mysterium, seier han.

Komponisten fortel at klangen av isen blir finare desto kaldare det er.

–Alle menneske på jorda kan lære seg å spele på eit instrument, men problemet med is er at du ikkje kan øve. Eg må lære meg alt på konsert, seier Isungset.