Hopp til innhold

Spelar jubileumskamp i Molde

Sogndal sin eliteseriekamp borte mot Molde er flytta frå måndag 20. juni til søndag 19. juni.

Sogndal - Lillestrøm

TIL MOLDE: Isak Scheel og Sogndal må 19. juni til Molde for å spele fotballkamp.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Kampen er flytta som følgje av den kortvarige streiken blant eliteseriespelarane. NFF opplyser i ei pressemelding at dei også må gjere endringar i det øvrige kampprogrammet for å få pressa inn den utsette runda.

Kampen vart først flytta til måndag 20. juni, men Molde som feirar 100 år i år hadde eit sterkt ynskje om å markere jubileet denne heimekampen.

- Diverre vart ikkje Molde sitt sterke ynskje om ein heimekamp helga 17. - 19. juni fanga opp i denne prosessen. Detter er beklageleg. NFF har vurdert saka på ny og har i samråd med Molde og Sogndal omberamma kampen tilbake til 19. juni, seier avdelingsleiar Nils Fisketjønn i konkurranseavdelinga i NFF.