Hopp til innhold

Sparer 30 mill. på 14 nye flysete

Flyselskapa vil spare 30 millionar kroner i året på at Sogndal lufthamn blir bygd ut til å kunne ta imot fly med 50 sete.

Sogndal lufthamn

UTVIDING: Ei utviding av Sogndal lufthamn kan vere spart inn over fem år med 50-seters fly og nytt rutemønster.

Foto: © Avinor

I dag kan fberre fly med 36 sete trafikkere flyplassen, men større fly vil bli langt meir effektivt, slår mellom anna Møreforsking fast i ein fersk rapport.

– Ved å få til eit meir einheitleg ruteopplegg, så kan ein nytte ein flytype og samordne betre, seier professor Svein Bråthen ved Møreforsking i Molde.

Nytt rutemønster

Det er Møreforsking som saman med Transportøkonomisk Institutt og Gravity Consult står bak den ferske rapporten. Her kjem det også fram at rutemønsteret bør endrast.

Svein Bråthen

ENDRING: Svein Bråthen i Møreforskning.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Frå dagens ordning, der flyplassane i Sogndal, Sandane og Ørsta/Volda er i same ruteområde, vil det gje store innsparingar å gå over til Sogndal og Florø i same ruteområde.

– Det er jo ein interessant tanke det, og dersom ein også kan gjere ting meir effektivt og spare pengar på det så er det bra. Utgiftene med ei eventuell forlenging av rullebana i Sogndal, er jo ikkje avskrekkande høg, seier Gunnar Solbakken, lufthamnsjef i Sogndal.

Tener inn att

Det vil koste kring 140 millionar kroner å utvide Sogndal lufthamn til å kunne ta imot 50-setars fly. Dette vil vere tent inn att i løpet av fem år. Bråthen seier det er mykje å hente på ei slik løysing.

Utan at passasjerane vil merke det spesielt, vil Avinor spare store beløp som kan nyttast til lufttrafikk andre stadar.

– Då viser våre berekningar at vi i sum kan spare kring 30 millionar kroner i året, seier Bråthen.