Banken har utvikla eit enkelt banktilbod som blir kalla ”Bank i Butikk” og vil erstatte 16 filialar med dette tilbodet, skri banken på nettsida si.
- I dag har 97 prosent av kundane kort til betaling og uttak av kontantar. 8 av 10 brukar nettbank til betaling av giroar. Også i aldersgruppa over 67 år er det ein kraftig auke i bruken av betalingskort og nettbank. Derfor blir det tradisjonelle bankkontoret mindre og mindre brukt, seier adm direktør Arvid Andenæs (biletet) om litt av bakgrunnen for omlegginga.
Får ta ut pengar
- Med Bank i Butikk skal vi likevel halde oppe eit tilbod på bygda for dei som vil ha manuelle banktenester. Med dette opplegget blir det høve til å ta ut og setje inn pengar og levere giroar i heile opningstida til butikken, seier Andenæs på nettsida til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Dei 16 filialane, som styret har vedtatt å erstatte med ”Bank i Butikk”, har i dag redusert opningstid frå to dagar og heilt ned til to timar for veka.
Behov for kostnadskutt
Den økonomiske nedturen siste året har ført til sviktande inntekter også i Sparebanken Sogn og Fjordane. Første halvår i år vart resultatet redusert med 50 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor. Banken har mellom anna stillingsstopp i heile 2009 for å spare kostnader.
- Meir effektiv drift er ein av grunnane til filialomlegginga. Vi skal trass alt vere konkurransedyktige med reine nettbankar utan eit einaste kundekontor. Eg trur dei fleste forstår at ein filial som står ubrukt med utstyr og dataliner fire av fem dagar for veka, ikkje er rasjonell ressursbruk, seier Andenæs, som syner til at fleire av kontora også er modne for oppgradering og oppussing.
Inge mister jobben
Sjølv om drifting av dei små filialane krev rundt 10 årsverk, blir ingen bankfunksjonærar sagt opp som følgje av omlegginga. Derimot vil rundt eit halvt årsverk til reinhald bli overflødig. Sparebanken Sogn og Fjordane samlar ressursane i kvar kommune på kontoret i kommunesenteret.
Desse forsvinn
Desse filiane vert borte i løpet av hausten og erstatta av "Bank i butikk":
- Bygstad
- Viksdalen
- Bulandet
- Byrknesøy
- Brekke
- Kalvåg
- Eikefjord
- Lavik
- Bjordal
- Vassenden
- Byrkjelo
- Hyen
- Olden
- Innvik
- Fresvik
- Feios