Hopp til innhold

Spår ein betre sommar

Sommarmånadene i fjor var prega av mykje regn og dårleg ver. No meiner verprofet Magnus Skildheim frå Vadheim at vi har ein lysare sommar i vente.

Magnus Skildheim
Foto: May Britt Eide, Ytre Sogn.

- I fjor sommar hadde vi mykje skiftande ver, med ein heil del regn. I år ser det ut til å verte noko betre, seier Magnus Skildheim (73) til Ytre Sogn. Heilt i frå barneåra av, har han lese teikna i naturen for å finne ut kva ver ein kan vente seg. På heimegarden Rørvik brukar Skildheim mykje tid på dette, og det er ikkje ofte han tek feil i spådommane sine.

Godveret kjem tidleg

- Sjølv om det kanskje ikkje skal så mykje til, kan eg i alle fall love at sommaren i år vert betre enn den vi hadde i fjor. Spesielt i juni kan det verte mykje godt ver. I juli, derimot, går vi tilbake til ein meir skriftande vertype att, med ein god del regn. Sjølv om juli vil by på nokre lyse dagar innimellom, meiner Skildheim at overgangen til august vil verte regnfull. 

Skildheim fortel at hundedagane tek til i miden av juli.

- Og om dei byrjar med regn, så heiter det seg at ein går ut av dei med godver, held han fram. Det gode veret vil halde til slutten av september, medan det skiftande veret kjem attende i oktober.

Populær profet

- Det kan verte ein del, men eg likar det, eg, seier Skildheim om all merksemda han har fått dei siste åra. Frå heile landet tek folk kontakt for å høyre vermeldingane hans, og han får jamnleg besøk frå radio, aviser og fjernsyn. På Rørvik har han fått besøk av både NRK sitt program ”Ut i naturen” og ein meteorolog frå TV2. I førre veke var det radiokanalen P4 som lurte på når austlendingane kunne ta fram kortbuksene. Skildheim smiler og seier:

- Eg svarte at eg for min del hadde tenkt å bruke stilongs ut april. 

Fint ver til påske?

Skildheim er ikkje sikker på om veret vil halde seg til påske, men det meste tyder på at vi i alle fall får ei fin påskehelg.

- På skjærtorsdag er det fullmåne, noko som tilseier at dagane etterpå, påskehelga, får bra ver. Når det gjeld resten av veka, så får vi vel berre håpe at det slår til.