Hopp til innhold

Sp ynskjer politiutdanning i vest

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete vil opprette ei eiga politiutdanning på Vestlandet.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete (Sp) ynskjer politiutdanning på Vestlandet.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Høgre har tidlegare føreslått å legge ei slik utdanning til Florø , noko Arbeidarpartiet tidlegare har sagt nei til. No vonar Navarsete å få Ap med på å opprette politiutdanning på Vestlandet.

- Det er eit stort område, både med folketal og geografi. Det er klart at det er mange kandidatar som ynskjer å ta politiutdanning frå Vestlandet. Då er det viktig at dei kan ta utdanninga i den regionen, og at dei kan få jobb i regionen, seier partileiar Liv Signe Navarsete (Sp).

Utdanning i vest

Stadig meir kriminalitet gjer at det er behov for meir politifolk. Kapasiteten på politiutdanninga er sprengd både i Kongsvinger og Bodø. Nyleg presenterte justisminister Knut Storberget ei ny politiutdanning i Stavern. Navarsete vil ikkje gå inn i lokalingseringsdebatten, men meiner at Florø kan vere ein godt eigna lokaliseringsstad.

- Det viktigaste no er å få gjennomslag for at den utdanninga ikkje berre skal utvidast i Oslo og på Austlandet. Men at vi også får ei utdanning på Vestlandet, seier ho.

Unngå Oslo

Navarsete fryktar ikkje at ei slik utdanning blir lagt til eit svakt fagmiljø om den blir lagt til distriktet.

- Eg er sikker på at vi skal klare å arbeide opp eit godt fagmiljø. Så får ein diskutere kvar etterpå. Om ikkje så trur eg vi kjem opp i ein situasjon der vi diskutterer internt oss imellom, medan sterke oslomiljø vil sikre at utdanninga blir utvida i Oslo, seier ho.

- Typisk Ap

Fylket sin stortingskandidat for Høgre, Bjørn Lødemel, er skuffa over motbøren dei møtte frå Ingrid Heggø (Ap) då dei i slutten av juli tok til orde for ei politiutdanning i Florø. Då vart det sagt at ei slik utdanning må leggast i samband med ein høgskule. Det ville også bli for dyrt, meinte ho.

- Det er så typisk Arbeidarpartiet. Dei er så tafatte når det gjeld politi. Frå 2002 til i dag har Høgre løyvd 745 mililonar kroner meir enn Arbeidarpartiet, seier Lødemel.

- Er mogleg

Lødemel meiner ei politiutdanning i Florø vil kunne dra nytte av politikammeret.

- Eg er heilt sikker på at det går an å få til ei desentralisert politihøgskuleutdanning i fylket, seier han.

Ingen planar for Florø

Justisminister Storberget meiner det er mange gode grunnar til å desentralisere politutdanninga, men seier at dei førebels ikkje har planar om å legge den til Florø.

- Men regjeringa skal handsame spørsmålet om politihøgskuleutdanning i løpet av hausten. Då reknar eg med at det også blir peika på stadar, seier han.