Nye selskap skal få fritak for utbyteskatt i 10 år, og redusert selskapsskatt. Partiet satsar på at saka skal bli lagt fram for Stortinget til hausten.
Høyangerordførar applauderer ikkje framlegget utan vidare. (Foto: NRK)
Ikkje umiddelbar applaus
Høyanger-ordførar Kjartan Longva seier at han ønskjer å sjå nærare på forslaget før han applauderer det. Han minner om at nye selskap sjeldan betaler skatt dei første åra, og at det no går mot at selskapsskatten på nytt skal betalast til kommunane.
Vil ha utgreiing
Senterpartiet ønskjer no at regjeringa skal utgreie forslaget deira. Morten Lund i Sp har i alle fall eit visst håp om at dei skal få eit fleirtal for det.
- Målet, seier Lund, er å få fleire arbeidsplassar i omstillingskommunane. Og han kjenner seg trygg på at lågare skatt vil hjelpe.