Hopp til innhold

Sp-leiar lite nøgd med Helse Vest

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete er ikkje nøgd med Helse Vest sitt framlegg om å kutte fødetilbodet i Eid og Lærdal.

Helse Vest meiner dei held seg innanfor Soria Moria-lovnaden om å ikkje legge ned sjukehus, men Navarsete er usamd.

Senterpartileiaren ynskjer at helse­-minister Anne-Grethe Strøm-Erichsen skal sjå på saka.

Navarsete støttar opp om eit sterkt og godt sentralsjukehus, men meiner inn­stillinga om lokalsjukehusa er mangelfull.