Natt til søndag må du hugse og stille klokka ein time fram, frå klokka to til tre.
- Har du opplevd noko ubehageleg eller pinleg fordi du har gløymt å stille klokka? Fotell på NRK Sogn og Fjordane si Facebookside.
Siste søndagen i mars
I Norge har vi hatt sommartid fleire ganger - først i 1916, så under den første verskrigen. Frå 1940 til 1942 gjekk klokka etter sommartid heile året, også om viteren.
Frå 1980 til i dag har vi hatt sommartid frå den siste søndagen i mars og vintertid frå den siste søndagen i oktober.
Natt til søndag skal vi stille klokka ein time fram. I oktober skal klokka stillast ein time tilbake.
I Europa er det berre Island som ikkje har sommartid.
For å spare straum
Sommartid vart først føreslått av Benjamin Franklin i 1784, men det var først i 1916 at forslaget vart tatt i bruk.
Tyskland og Storbritannia var først ut. På den tida var det krig, og tanken var rett og slett å spare straum ved å sørge for ein time lengre lys om kvelden.
Energisparing har nok hatt mindre betyrning i dei industrialisrte landa i seinare tid. Sommartid brukasst i dei tempererte soner av verden; i tropene varierer dagen så lite at det er lite praktisk med sommar- og vintertid.
I USA stillast klokka andre søndag i mars - altså to veker før Europa.