NRK Meny
Normal

«Dei beste har to trenarar og eit heilt team»

– Dette er fantastisk og utruleg moro, seier ein jublande Lars Fredrik Tvinde. Sundag ettermiddag tok han og makker Henrik Mol sølv i U23-VM i Sandvolleyball i Polen.

Lars Fredrik Tvinde og Henrik Mol

SØLV: Ein svært nøgd duo etter finaletapet. No set dei seg langt høgare mål, og etterlyser større satsing i Norge.

Foto: Privat

– Dette er den største meisterskapen for aldersbestemte lag. Vi er faktisk nest best i verda blant dei under 23, seier Tvinde.

Dei to har nettopp landa etter premieseremonien når NRK snakkar med dei, men er likevel høgt oppe.

– Det er nesten vanskeleg å setje ord på dette. Vi har spelt utruleg stabil og god sandvolleyball, og hatt den litle flaksen vi treng.

– Vi har fleipa med det

For dei har gjennomført ei utruleg god turnering, ifølgje Tvinde. Dei har slått lag frå Sveits, Polen, Kroatia og USA. I kvartfinalen slo dei ut det norske paret Takvam/Sannarnes i ein svært jamn kamp, der dei vann 15–13 i det avgjerande settet.

I semifinalen vart det klar siger mot ein tysk duo, før heimelaget Polen venta i finalen. Det hadde dei ikkje trudd før turneringa.

– Vi har fleipa med det, og snakka om «når vi spelar finalen». Men når vi stod der lurte vi på korleis i alle dagar vi hadde greidd dette.

Og dei greidde nesten gullet også.

– Det var små marginar, og vi var utruleg nære siger. Vi spelte ufatteleg godt. Dei hadde ein serv som rulla over nettet på 9-12, så vi låg under 9–13. Men vi kjempa oss tilbake til 12-13, og det var utruleg sterkt. Det var surt å ikkje gå heilt til topps, seier Tvinde.

Sølvparet hadde settball i første sett, og vann andre sett. Sjølv om det enda med tap 13–15 i det avgjerande settet, vil ikkje den norske duoen deppe i kveld.

– Det var eit polsk lag som vann i fjor også. Dei har eit fantastisk system her nede, eit profesjonelt opplegg.

– Det er opp til andre å satse på oss

Det er eit opplegg dei to saknar her heime.

– I Austerrike, Polen og Sveits er sandvolleyball jobben deira. Det er utruleg profesjonelt. Dei har gjerne to trenarar, ein fysioterapeut, og eit heilt team som legg opp all aktiviteten deira, seier Tvinde.

Det er forhold dei to norske berre kan drøyme om.

– Vi har med oss eit fantastisk team her, med faren min, onkelen min og ein trenar. Dei har hjelpt oss utruleg godt. Men dei er ikkje betalte. Dei andre laga har profesjonelle team som har dette som jobb, forklarar han.

Fleire av para Tvinde/Mol har møtt i U23 VM spelar World Cup, på høgt internasjonalt nivå mot dei beste spelarane i verda. Etter EM-sølv i fjor og VM-sølv i dag, er ambisjonane skyhøge.

– Vi spelar så god volleyball vi klarar, og så får det vere opp til andre å satse på oss. Her har vi lagt inn ein ufatteleg god søknad. No ser vi mot VM for seniorar eller OL. Etter dette ser vi ingen avgrensingar.

Dei to duoane som vert satsa mest på i Noreg, duoen Øyvind Hordvik og Morten Kvamsdal og paret Iver Horrem og Geir Eithun, har ein trenar på deling.

– Skal vi bli best i verda i Noreg, må satsinga opp på eit internasjonalt nivå, seier Tvinde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser