Hopp til innhold

Solid medaljefangst for unge friidrettstalent - Thomas (16) sikra seg heile fem medaljar

Heile 16 medaljar har unge friidrettstalent frå Sogn og Fjordane henta heim i helga.

Thomas Mardal

SOLID INNSATS: Thomas Mardal frå Sandane kan reise heim med heile fem medaljar etter helgas ungdomsmeisterskap på Lillehammer.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Under Ungdomsmeisterskapen på Lillehammer blei det åtte gull, seks sølv og to bronsemedaljar.

– Årets ungdomsmeisterskap har vore eit godt meisterskap for friidretten i fylket. Det er spesiell grunn til å trekkje fram Thomas Mardal frå Sandane som hentar heim fire gull og ein sølvmedalje. Slik medaljehaust på ein enkeltutøvar i eit UM har fylket ikkje hatt tidlegare, seier dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk Friidrett i Sogn og Fjordane.

Han framhevar også Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø T & IF som sette norsk aldersrekord laurdag.

– Prestasjonane til alle ungdomsutøvarane frå fylket i helga gjev grunn til optimisme med tanke på meisterskap dei kommande åra, seier han.

– Stort å vinne 100 meter

Thomas Mardal har altså fått med seg fem medaljar denne helga og det er han svært nøgd med.

– Helga har vore heilt topp. Eg er spesielt nøgd med gull på 100 meter og i kule. I kule sette eg ny personleg rekord og på 100 meter er det alltid høgt nivå. Difor er det stort å vinne denne distansen, seier han.

I dag var det lengde som stod på programmet og her blei det også personleg rekord med 6,56 meter i G16. Det heldt til ein 2. plass. Han var berre 13 centimeter frå ein femte gullmedalje. I løpet av helga har det også blitt gull i diskos og slegge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thomas Mardal
Foto: Thore-Erik Thoresen

Betre enn han håpa på

Mardal seier medaljefangsten er betre enn han våga håpa på før han reiste til UM.

– Eg håpa på gull i kastøvingane, så gull på 100 meter og sølv i lengde er meir bonus for meg.

16-åringen frå Sandane er allsidig og tykkjer alle greiene er kjekke å halde på med. Difor vurderer han mangekamp som eit alternativ framover.

– Eg likar å halde på med forskjellige ting og ikkje berre spesialisere meg innan ei grein, seier han.

Kjekt med ny giv

No satsar han på mykje trening gjennom hausten og vinteren. Han er elev ved idrettslinja ved Firda vidaregåande skule og får trent mykje i skuletida.

– Der får eg veldig godt tilbod saman med andre gode utøvarar.

Også han tykkjer det kjekt at det blomstrar i friidrettsmiljøet i Sogn og Fjordane.

– Det er ein ny giv og det er flott med dei miljøa som no kjem opp.

Det blei også ein bronsemedalje til Sogn og Fjordane i dag. Den sørgde 15-åringen Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen for på 2000 meter. Han sprang inn på tida 5,47,07.

Medaljeoversikt i helga:

Søndag:

  • 2. plass: Thomas Mardal, Sandane G16 lengde 6,56
  • 3. plass: Jon Rolf Skamo Hope, Hyen G15 2000m 5,47,07

Laurdag:

  • 1. plass: Thomas Mardal, Sandane T&IL G16 kule 15,55
  • 1. plass: Thomas Mardal, Sandane T&IL G16 slegge 50,38
  • 1. plass: Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF J15 80m HK 11,30
  • 2. plass: Vetle Sørstrand Haugen, Florø T&IF G15 100m HK 14,59
  • 2. plass: Erlend Ulvestad, Brodd G17 diskos 44,57
  • 3. plass: Ingrid Hjelle Roset, Sandane T&IL J16 800m 2,18,59

Fredag:

  • 1. plass: Vanessa Sunde Hoel, Gloppen FIL kule 13,29
  • 1. plass: Thomas Mardal, Sandane T&IL diskos 48,32
  • 1.plass: Thomas Mardal, Sandane T&IL 100m 11,20
  • 1. plass: Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF 300m HK 45,06
  • 1. plass: Jon Rolf Skamo Hope, Hyen IL 1500m hi 4.30.41
  • 2. plass: Erlend Ulvestad, Brodd kule 13,56
  • 2. plass: Hans Sande, Brodd slegge 63,03
  • 2. plass: Evald Osnes Devik, Brodd slegge 55,92