Hopp til innhold

GULL-Vanessa kunne juble etter medaljerush

Vanessa Sunde Hoel frå Stryn kunne sleppe jubelen laust etter at ho sikra ein av i alt fem gullmedaljar til Sogn og Fjordane i dag.

Vanessa Sunde Hoel

GULLJENTA: Vanessa Sunde Hoel på pallen sammen med Helene Ingvaldsen (sølv) og Matilde Roe (bronse).

Foto: Thore-Erik Thoresen / NRK

Under første dag av Ungdomsmeisterskapen i fridrett på Lillehammer sikra utøvarane frå fylket heim heile 5 gullmedaljar. Medaljeoversikta for første dag vart slik:

1. Vanessa Sunde Hoel, Gloppen FIL kule 13,29
1. Thomas Mardal, Sandane T&IL diskos 48,32
1. Thomas Mardal, Sandane T&IL 100m 11,20
1. Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF 300m HK 45,06
1. Jon Rolf Skamo Hope, Hyen IL 1500m hi 4.30.41
2. Erlend Ulvestad, Brodd kule 13,56
2. Hans Sande, Brodd slegge 63,03
2. Evald Osnes Devik, Brodd slegge 55,92

– Utøvarane frå fylket har levert ein fantastisk innsats på første dag av meisterskapen. Thomas Mardal sikrar to gull og viser si sterke allsidigheit med gull i den uvanlege kombinasjonen 100m og diskos, fortel daglegleiar for friidrettskrinsen, Narve Heggheim.

Han peikar også på at det er spesielt at eit lite lag som Brodd på Sørstranda i Gloppen har tre utøvarar som tek sølv i eit nasjonalt meisterskap.

– Det blir utfordrande å halde fram gullfangsten på same nivå dei to neste mesterskapsdagane, men fylket har fleire som er venta å vere med i medaljekampen i fleire øvingar, fortel Heggheim.