NRK Meny
Normal

Solheim lovar ikkje pengestøtte

Miljøvernminister Erik Solheim vil førebels ikkje love pengestøtte til Gulen.

 Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Men han lovar andre tiltak frå staten si side.

– SFT sørgjer for at all gifta som er att i Gulen skal ryddast opp i løpet av månaden, og Helsedirektøren vil ta kontakt med Helse Vest for å få kartlagt eventuelle helseskadar hos befolkinga i Gulen, fortel Solheim.

Solheim kjem til Gulen i dag, 9. juli, for å sjå på området rundt Vest-Tank i Sløvåg, møte dei råka innbyggjarane og prate med lokalpolitikarane.

Oslofjorden

Han seier at SFT vil samle alle etatane som har vore involvert etter ulukka for å sjå på langsiktig handtering av avfall langs norskekysten.

Solheim innrømmer at myndigheitene har gjort ein for dårleg jobb i Gulen.

– Det hadde nok vert gjort meir om denne ulukka fann stad i Oslofjorden, seier han.

Krev 15 millionar

Dei tiltaka Solheim lovar er ikkje nok for formannskapet i Gulen, som krev 15 millionar til to omdømmeprosjekt etter at innbyggjartalet har sunke drastisk det siste året.

– Vi har hatt ein stor folketalsnedgang, spesielt det siste året. Det er ikkje lett å halde oppe folketalet i eit område som har vore så mykje negativt fokusert på, meiner Gulen-ordførar Trude Brosvik.

I tillegg legg formannskapet fram krav om at sjuke innbyggjarar får tilgang til legespesialistar og at kontrollen med båtlastar blir betre.

– Glimrar med sitt fraver

Gjermund Halsvik som er nabo til ulukkes-tankane, er samd med Solheim i at regjeringa har gjort for lite for å hjelpe innbyggjarane.

Han har fått nok av helseplager og vond lukt.

– Regjeringa glimrar med sitt fraver, og alt dei har kome med er ufarleggjering og bortforklaringar. Det verkar som det viktigaste for dei er å dekkje over si eiga dårlege handtering av ulukka, hevdar Halsvik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser