Solberg har tidlegare sagt at ho ønskjer seg asylsøkjarar som sjølve tilpassar seg det norske samfunnet. Belik-søstrene kom til Noreg fordi dei frykta å bli selde som sexslavar i heimlandet sitt, Moldova. Og sidan dei kom til Aurland i 2003 har dei nærast vore eit stjernedøme på integrasjon.
- Kan ikkje sjå på enkeltsaker
Men kommunalministeren seier ho ikkje kan gå inn og sjå på enkeltsaker. - Denne saka er også prøvd for retten, og det er slik at eg er lovpålagd å ikkje instruere, ikkje prøve å presse Utlendingsnemnda eller UDI til å gjere andre vedtak i enkeltsaker, seier Erna Solberg.
Olga og Tatjana Belik. Arkivfoto NRK
- Gjort som Høgre seier
Innvandrarar og asylsøkjarar må sjølve vere aktive i det å lære seg norsk og bli ein del av det norske samfunnet. Det har vore Høgre sitt krav i innvandringsdebatten. Det er nettopp det Olga og Tatjana Belik har gjort. Difor er Jorunn Merete Haukås Eide i støtteforeninga for søstrene skuffa over at Høgre-statsråden ikkje vil gripe inn.
- Vil greie seg sjølve
- Søstrene Belik greier seg utan støtte frå det offentlege, dei har skapt seg eit nettverk, dei har jobb og eige husvere og ynskje å greie seg på eiga hand, seier Haukås Eide.