Hopp til innhold

Solbakken kjøper Eides Hotel

Tradisjonsrike Eides Hotel i Høyanger er kjøpt av forretningsmannen Roy Solbakken i Førde.

Eides Hotel har vore i drift i sentrum av industribygda i snart 90 år, og Solbakken seier han kjøpte hotellet fordi han har eit nært fohold til det.

Solbakken vil ikkje ut med kor mykje han har gitt for hotellet.

Roy Solbakken driv frå før Førde Hotell i Førde og fleire bensinstasjonar i fylket.