Hopp til innhold

Kan bli vektløftar-EM i Sunnfjord

Tambarskjelvar Idrettslag har fått blod på tann etter at dei arrangerte NM i vektløfting i fjor. No har dei starta planlegginga av ein EM-søknad.

Søker om EM

SØKER OM EM: Stian Grimseth (t.v.), Tom Farsund og Steinar Kvame håper å få EM i vektløfting til Sunnfjord.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Eit EM kan gje eit fantastisk løft for dei unge utøvarane som driv på med vektløfting i dag, både dei lokale utøvarane, men også dei frå resten av landet, seier Stian Grimseth

Han trur det finnast lokale utøvarar som i 2016 kan løfte så mange kilo under eit EM, at dei kvalifiserer seg til OL. Nett slik han gjorde under EM i Stavanger i 1996.

TV-sendingar til 40 land

Saman med leiar av søknadskomiteen Steinar Kvame og Tom Farsund i FinDriv AS frontar han EM-søknaden som kan ende opp i eit stort arrangement med 550 utøvarar frå 34 ulike land. TV-sendingar frå Sunnfjord og ut til rundt 40 land kan også bli aktuelt, om det viser seg at Eurosport og Det Europeiske Vektløftarforbundet godtek søknaden og tildeler Tambarskjelvar meisterskapen.

– Vektløftarmiljøet i Naustdal og kommunane i Sunnfjord treng eit slikt arrangement for å kunne løfte vektløftinga framover. Me er ein liten stad i den store samanheng, men om me går inn for dette, så meiner me at me kan tilby veldig fin natur og Førdehuset er ein glimrande arena for denne typen arrangement, meiner Steinar Kvame.

Håper å gå i pluss

Ordførarane i Førde, Olve Grotle, og Naustdal, Håkon Myrvang, samt Idrettsforbundet støttar ein søknad. Håpet er at arrangementet kan gå i pluss, og bidra til internasjonal merksemd til Sunnfjord og betre treningsarenaer for Tambarskjelvar i etterkant av meisterskapen.