NRK Meny

Sogning vann gitar til 50 000 kr

– Dette er kjempemoro, seier Inge Ronny Kvåle frå Sogndal etter at han i dag vann ein gitar til 6000 dollar.

Inge Ronny Kvåle

Inge Ronny Kvåle frå Sogndal vann ein flunkande ny gitar til ein verdi av 6000 dollar.

Foto: Simon Solheim / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Det er musikermagasinet MusikkPraksis som har hatt konkurranse der det gjaldt å vise dei musikalske kunstane sine på akustisk gitar og premien var ein spesialbygd Taylor-gitar. Mellom mange innsendte bidrag, vart seks gitaristar plukka ut til ein finale.

Og av dei seks var det to frå Sogn og Fjordane, Inge Ronny Kvåle og Øyvind Lyslo frå Førde.

Full av lovord

Rolf Graf

Redaktør Rolf Graf seier juryen fall for gitarspelinga til Kvåle.

Foto: Promo
Taylor-gitar

Dette er gitaren som Kvåle får.

Foto: Rolf Graf

Etter ei avstemming på nettsida til bladet, var det Kvåle som leia med heile 40 prosent av stemmene. I tillegg var det ein jury som skulle seie sitt. Også her gjekk Kvåle til topps. Han fekk heile 28 av 30 moglege poeng.

Redaktør Rolf Graf er full av lovord om gitaristen frå Sogndal.

– Han er ein meget sjelden gitar-virtuos som har både teknisk kompetanse og ein sjeldan musikalitet i gitarspelet sitt. Dette fall juryen for, og det viser at dei som stemte på nettet gjorde det same.

Juryen meinte også at Kvåle er ein gitarist som likar å leike og som «har nok teknisk kompetanse til at det ikkje blir sirkus sjølv om det ligg ein dose show-off i botnen.»

Spesialbygd Taylor-gitar

Graf seier at premien er ein fantastisk gitar og at dei brukar å ha slike konkurransar i bladet sitt.

– Er det noko musikarar treng så er det bra utstyr. Denne gongen sendte vi ein av journalistane våre til Taylor-fabrikken i California. Der sette dei saman ein spesialbygd gitar til ein verdi av 6000 dollar, eller omlag 40 000 - 50 000 kroner. No har vi fått ein verdig vinnar av denne gitaren.

Hadde eit håp

Inge Ronny Kvåle hadde eit håp om at han skulle vinne den akustiske Taylor BTO-gitaren.

– Eg vann jo nett-konkurransen og det er kjempemoro at eg gjekk heilt til topps samanlagt.

Sogningen er gitarlærar på kulturskulen og har også eige lydstudio i Sogndal. Han spelar også gitar med Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.

Sendte inn eigenkomponert låt

Han vil ikkje setjast i nokon musikals bås og seier han spelar alt mogeleg. Dei siste åra har han også spelt mykje akustisk gitar.

– Så då det det dukka opp ein konkurranse der eg kunne vinne ein slik gitar, så tenkte eg at eg måtte prøve meg. Eg sendte inn ein eigenkomponert instrumental låt eg har kalla «Snappy guitars».

– Kva betyr denne sigeren for deg?

– Gitar har alltid vore mitt instrument og det er klart at å hevde seg innan det eg har som både jobb og hobby er veldig moro.

Tysdag 25. mai reiser Kvåle til eit bransjetreff i Oslo for å motta gitaren.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar