Headhunta til musikal-rolle i Oslo

Musikar Roger Allan Ivin sat heime i stova i Sogndal og såg tv-reklamen for musikalen om rockelegenda Buddy Holly. Han tenkte: Dette må eg få med meg - som publikumar...

Buddy Holly & The Crickets

NØKKELROLLE: Roger Allan Ivin (f.v.) får sin elddåp på musikalscena i Oslo saman med , Børre Flyen. Heine Totland og Torbjørn Alsos Raae som utgjer Buddy Holly & The Crickets.

Foto: Gisle Bjørneby

– Så gjekk det ei veke, og der ringde telefonen!

I den andre enden presenterte ei stemme seg på vegne av produksjonsselskapet bak «Buddy Holly - The Musical».

– Vedkommande ville ha meg på audition i Oslo, fortel Ivin til NRK Sogn og Fjordane.

Drakk vin i Italia

Det viste seg nemleg at hovudrolleinnhavar Heine Totland hadde drukke vin med ein kjenning av Ivin under ein tur til Italia.

– Då var heile ansemblet klart, men dei mangla framleis bassisten. Totland bad produksjonsselskapet om å kontakte meg, fortel Ivin.

Han kom seg til Oslo, prøvespelte, og vips - rolla var hans.

– Skrekkblanda fryd

–Det blir med skrekkblanda fryd eg tek til på prøvene 9. august, seier Ivin som for mange er kjend som bassisten i fylkesbandet Fabel. No skal han spele eit av medlemma i Buddy Holly sitt band The Chrickets.

Ivin, som opphaveleg kjem frå Hafslo men er busett i Sogndal, er dermed ein av nær 600 som har kome gjennom nålauget til musikalen om den amerikanske Rock 'n roll-legenda. På premieren i Folketeateret 22. september skal han stå på scena med blant andre Heine Totland, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Elisabeth Carew.

På scena under heile musikalen

– Dette er ein musikal på ein storleik eg haldri har vore med på. Og eg er generelt veldig glad i musikken frå Buddy Holly si tid, seier Ivin.

Sjølv om han ikkje skal ha noko hovudrolle, blir han å sjå på scena under heile oppsetjinga.

–Musikarane i bandet blir for skodespelarar å rekne og skal ikkje gøymast vekk i ei orkestestergrav, forklarar Ivin som nett har fått manuset i hende.

Må utsetje plateutgjeving

Med fast jobb på kulturhuset i Sogndal og eit liv som småbarnspappa privat, er Ivin takksam for at alle rundt han har lagt til rette for at han kan tilbringe hausten i hovudstaden.

– Eg må få med meg dette eventyret. Alt anna vert sett på vent, så får vi sjå, seier 35-åringen. Også den planlagde plateutgjevinga med Green Granadas i oktober må no utsetjast.

Ivin byrja å spele bass då han var 14 år og byrja like etter å skrive syngje og skrive musikk. Han har gitt ut soloalbum, jobbar som frilansmusikar, og er kjend frå gruppene Fabel og Green Granadas.

Nærmere 600 melde seg til audition på då «Buddy Holly - The Musical» søkte etter skodespelarar tidlegare i år. 70 av dei blei kalla inn til audition til rollene som blant andre dei tre medlemmene i Buddy Holly sitt band The Crickets og kjærasten hans Maria Elena.

– Krevjande musikal

– Dette er ein krevjande musikal å gjere, seier produsent Ola A. Neegaard i ei pressemelding.

Musikalen vil presentere ei rekkje av Buddy Holly sine songar og ensemblet består i stor grad av musikarar.

– Vi kunne velje blant utruleg mange gode og velkvalifiserte søkjarar og er no stolte og glade over å kunne presentere eit flott ensemble med alle dei kvalitetar som skal til for musikalen om legenda Buddy Holly. No gler vi oss til prøvestart i august!

Buddy Holly:

Buddy Holly, fødd Charles Hardin Holley (1936-1959) var ein amerikansk songar, låtskriver og ei av «Rock and Roll»en sine pionerar.

Holly var den artisten som framfor nokon gjorde Fender Stratocaster til eit kjent og kjært instrument. Denne gitartypen, med sine revolusjonerande magnetmikrofonar, gav musikken hans ein helt spesiell lyd, som seinare sette standarden både for beatmusikarar, folkrockmusikarar og andre. Kjelde: Wikipedia

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.