Hopp til innhold

Sogndalkamp vert flytta fram

Oppgjeret mellom Molde og Sogndal neste helga vert flytta frå søndag til laurdag.

Stian Dyngeland og Gustav Valsvik
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Molde har søkt om å få flytta kampen fram ein dag, og fått det innvilga av Norsk fotballforbund. Det melder NTB.

Årsaka er at dei ønskjer ein ekstra dag med førebuing før Champions League-kvalifisering mot Basel.

– Det å legge forholda best mogleg til rette for våre lag som skal ut i Europa er ei prioritert oppgåve. NFF ønskjer å takke Sogndal og mediepartnarar for fleksibilitet og for at dei er imøtekommande, seier leiar i forbundets konkurranseavdeling, Nils Fisketjønn til NTB.

Molde har søkt om å få flytta kampen fram ein dag, og fått det innvilga av Norsk fotballforbund. Det melder NTB.

Kampstart vert dermed laurdag 4. august, klokka 20.00.