Hopp til innhold

Sogndal tapte mot Sarpsborg

Sarpsborg scora to mål, Sogndal klarte berre eit.

Per Egil Flo, Tarjei Dale og Espen Olsen

Per Egil Flo, Tarjei Dale og Espen Olsen på bana frå ein tidlegare kamp. I dag var Olsen skuffa over innsatsen til Sogndal mot Sarpsborg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Vi spelte ein ok første omgang, men slapp oss nedpå og var altfor dårlege etter

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

pause, seier Espen Olsen etter kampen til sognavis.no .

Han synest det er vanskeleg å seie kva som gjekk gale i kampen.

- Men dette var veldig skuffande, seier Olsen til avisa.

Trenar Harald Aabrekk meiner laget ikkje var nøyaktige nok i avgjerande situasjonar, og at dei mista ballen for lett.

- Sarpsborg skapte ikkje noko utanom scoringane sine, så det er litt tilfeldig kven som sigra i denne kampen. Men vi må vere betre enn dette mot Fredrikstad på fredag, seier Aabrekk til avisa.