Hopp til innhold

Sogndal vann oppskriftsmessig

Sogndal greidde ikkje å utnytte sjansane mot "veslebror" Årdal godt nok.

1. runde i cupen
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Årdal tok i mot storebror Sogndal på heimebane i dagens cup-kamp, og måtte sjå seg slått. Men det såg ikkje ut som om der var to divisjonar som skilte naboane.

Sjølv om det til slutt stod 4-0 til Sogndal, greidde dei ikkje å dominere kampen, slik mange nok hadde venta at dei ville på førehand.

Men dei gjorde det dei måtte for å avansere til andre runde i NM-cupen.

Sjansefattig

Kampen var prega av få sjansar og Sogndal sitt trykk på kampen viser dermed ikkje att på at det "kun" vart scora fire mål. Det kunne vore langt fleire.

Keeper-comeback

Årdal - Sogndal i cupen

FEKK DET TRAVELT: Jens Herstad gjorde comeback i Årdal-buret.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Ein som derimot imponerte var Årdal sin keeper, Jens Herstad som gjorde comeback i kveldens storkamp. 44-åringen har ikkje vakta buret sidan 1997/98, men kunne ikkje lastast for ballane som enda i nettet bak han.

Etter kampen seier han sjølv at han merka det litt på timinga at det var lengje sidan sist.