Hopp til innhold

Strand og Sogndal samde med Molde om overgang

Sogndal-spelar Petter Strand har signert treårskontrakt med Ole Gunnar Solskjærs Molde. – Molde har vore interesserte lenge, så dette har ligge i dagen, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo.

Petter Strand

FAST: Petter Strand har tidlegare spelt på Tertnes og Fyllingsdalen, før han kom til Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var Romsdal budstikke som først melde at overgangen til Petter Strand var nærme.

Like før klokka 17 stadfestar Håvard Flo overfor NRK.no at U21-landslagsspelaren er klar for Molde.

– Det er litt kjedeleg å selje av dei beste spelarane, våre. Men vi er veldig stolte på Petter sine vegne, og sjølvsagt på våre eigne vegne over at vi nok ein gang har fostra opp og utvikla eit talent, seier Håvard Flo.

– Veldig fort

ELITESERIEKVALIK

STOLT: – Det er slik vi er skrudd saman. Vi hentar unge spelarar som har ambisjonar, talent og ferdigheiter, og utviklar desse. Så kjem det ei tid der dei går vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

21-åringen kom som eit heilt ubeskrive blad frå 2. og 3. divisjonsspel med Tertnes og Fyllingsdalen, til Sogndal i 2014. Bergensaren etablerte seg raskt som fast inventar på midtbana til Sogndal.

Han etablerte seg også på U21-landslaget.

– Det har gått veldig fort med Petter og han gjorde seg merka med ein gang. Sidan han utvikla seg flott, og det er ikkje noko rart at ein klubb som Molde vel å signere han, seier Flo.

Prøvde i sommar

Petter Strand

STRAND: Petter Strand etablerte seg tidleg på Sogndal-laget og var ei viktig brikke då laget tok steget opp att til eliteserien.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Molde ville hente han allereie i fjor sommar, men tidspunktet var ikkje rett for eit Sogndal-lag som kjempa om opprykk. Flo vil ikkje kommentere noko overgangssum, men seier forhandlingane mellom klubbane har gått fint.

– Men han er ein veldig viktig spelar, og når vi likevel vel å selje han, så er ikkje det noko vi hadde gjort om det ikkje var økonomisk gunstig for oss, seier han.

Hovudpersonen sjølv er nøgd med valet sitt.

– Molde er ein av dei største og beste klubbane i Norge. Alt her er veldig profesjonelt og eg har tru på at eg kan utvikle meg mykje som fotballspelar her, seier Strand til Molde FK sine nettsider.

Nøgd Solskjær

Solskjær

NØGD: Molde-manager Ole Gunnar Solskjær har tidlegare vunne seriegull med Molde og vil ha Petter Strand med på laget når laget igjen vil utfordre heilt i toppen av norsk toppfotball.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Overfor nettsidene til Molde er manager Ole Gunnar Solskjær nøgd med å ha sikra seg den allsidige midtbanespelaren med 58 kampar på to sesongar i Sogndal.

– Han er ein ung, ambisiøs og energisk fotballspelar. Fart og teknikk, kan bekle alle roller på høgresida, alt frå back til ving til indreløpar til kant, vingback, seier han til nettsidene og framhevar dødballfoten til Strand.

– Han har ein ekstrem frekvens og ein veldig god dødballfot og ein innleggsfot, så vi har styrka troppen med ein ung framadstormande norsk fotballspelar, seier Solskjær.

P.S. Samstundes som Strand blir seld til Molde, er det klart at Gilbert Koomson igjen blir sogndalspelar.