Hopp til innhold

Sogndal-keeper skiftar klubb

Sogndal og Ullensaker/Kisa er samde om ein overgang for Stefan Hagerup. 22-åringen kom frå Fyllingsdalen i 2015 og fekk 13 kampar for Sogndal i 1. divisjon. – Stefan fortener dette, han treng speletid på eit høgt nivå, og no får han sjansen til å gå vidare, seier keepertrenar Terje Skjeldestad til Sogndal Fotball.

Stefan Hagerup
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK