Hopp til innhold

Sogndal kan miste 20 arbeidsplassar

Terina Sogndal kan miste 20 arbeidsplassar. No vurderer styret å flytte produksjonen av morrpølse frå Sogndal.

Årsaka er at dei enno ikkje har fått klarsignal frå Mattilsynet om å starte oppatt etter at E.coli-smitte stansa produksjonen av morrpølse.

- Ikkje høyrt noko

Dette stadfestar Gerd Signe Grinde Haare, som er tilsettrepresentant i styret i Terina. Ho seier det no er gått tre veker sidan dei søkte om å få starte oppatt produksjonen, men enno har dei ikkje høyrt frå Mattilsynet.

- Difor gjekk styret i Terina torsdag inn for at produksjonen av morrpølse vert flytta til eit anna anlegg i Gilde-konsernet. Dermed kan me miste 30 prosent av produksjonen vår - og opp til 20 arbeidarar, fortel Grinde Haare.

- Svært alvorleg sak

Det var i mars i år at sjokkmelding kom til dei tilsette ved anlegget til Terina i Sogndal. Det var påvist E.coli-smitte i pølser frå fabrikken. Det vart umiddelbart innført stogg i produksjonen av Fåresnabb, Fjellmorr, Haugpølse og Sognemorr.

- Sakshandsaminga har teke så lang tid fordi dette er ei svært alvorleg sak, seier distriktssjef i Mattilsynet, Merete Lunde.

Ho seier vidare at saka har høg prioritet, og at avgjerda kjem i byrjinga av neste veke.