Sogndal reiste søndag til Ålesund med mange ulukkestal i lomma. 13 poeng på 13 kampar og 13 plass på tabellen. Men dette såg ikkje ut til å skremme sogndølene på Color Line Stadion.
– Endeleg løsna det for Ulrik Flo
Etter 27 minutt sette stryningen Ulrik Flo ballen elegant i mål, og akkurat han skulle bli kampen sin store spelar.
– Eg synst det var kjempekjekt at Ulrik endeleg fekk nettkjenning. Han er ein av spissane i Norge som legg ned mest arbeid, seier Sogndal sin assistenttrenar, Terje Skjeldestad.
Flo har sett mange ballar gå utanfor målstengene tidlegare i sesongen, men endeleg vart det mål.
Etter ein førsteomgong der heimelaget var sjefen på bana, men likevel låg under med eit mål, var det Aalesund sin tur til å score i det 51. minutt. Ein frekk ball mellom beina til keeper Udjus gav ny nerve til kampen.
Då er det greit å ha ein utkvilt stryning på laget. Etter eit nydeleg forarbeid av Malic Mane, sklei Flo inn sitt andre mål for kvelden frå bakerste stolpe.
Men endå var det ein halv time att av kampen, og AaFK hadde klart flest skot mot mål.
– Heilt greit med poengdeling
Tre poeng i lomma ville gje Sogndal den sjølvtiliten laget trengde framfor ein lang og krevande haustsesong. Og sogndølene sine draum om å slå rivalane i nabofylket, vart nesten verkeleg.
For i det 90 minutt scora Aalesund sin kaptein Daniel Arnefjord, og kampen enda 2-2. Sogndal ligg no på 8.plass på tabellen med 14 poeng.
– Når vi no har fått summa oss litt er uavgjort over AaFK heilt ok, sjølv om vi er litt skuffa over at det ikkje held heilt inn. I løpet av ein sesong er det stang inn og stang ut, og vi må vere fornøgde med eit poeng, avsluttar Terje Skjeldestad.
Det er kanskje ikkje så rart for AaFk har no 12 kamper uten tap på heimebane, noko som er klubbrekord i denne divisjonen for heimelaget sin del.