– Det er eit under at ballen ikkje går i mål. Det er rett og slett uflaks. Er det tre stolpeskot vi har på slutten, spør ein svært skuffa Ulrik Flo like etter kampen.
– På ein skala frå ein til ti, er vi i nærleiken av ti når det gjeld kor surt dette tapet er, seier assistenttrenar Tom Mangersnes.
3700 publikummarar på Fosshaugane fekk sjå eit svært offensivt og aggressivt Sogndal-lag frå start. Kampens første store målsjanse fekk kaptein Rune Bolseth etter 8 minutt, men Bugge Pettersen i Molde-buret gjorde ein av sine mange gode redningar denne kampen.
Sogndal var aggressive, stressa Molde, og vann dei fleste duellar og andreballar. Utanom to farlege Molde-skot frå 16 meter etter kvarteret, skjedde nesten alt på motstandarden sin banehalvdel.
– Vi er sterke, og viser enorm glød og vilje her i dag, seier trenar Jonas Olsson.
– Dette kjem til å gnage
Sogndal produserte fleire store sjansar, og både Flo, Otoo og Tim Nielsen var farleg frampå. Dei største sjansane fekk likevel Sogndal sin kaptein. Etter 22 minutt vart ballen stussa vidare inn i feltet, og Bolseth fekk ballen fritt rundt 4-5 meter frå mål. Bugge Pettersen leverte ein fantastisk redning på streken.
Etter 35 minutt kom kalddusjen. Eit fantastisk skot frå over 20 meter frå Elyounoussi, heilt oppe i vinkelen, gav Molde leiinga, fullstendig mot spelet sin gang.
Fem minutt før pause fekk Bolseth nok ein stor moglegheit. Ulrik Flo kjempa ballen ut i feltet, der kapteinen kjem til skot frå 11-12 meter. Skotet vart blokkert.
– Det er seigt å stå her med eit 1-0 tap etter å ha hatt eit par feite sjansar. Vi hadde trengt poenga, så det kjem til å gnage litt, ja, seier Bolseth etter kampen.
Få som sat på Fosshaugane kunne skjønne korleis Sogndal kunne ligge under til pause.
(Artikkelen held fram under biletet)
Enorme sjansar på overtid
Andre omgang starta som første slutta, med stort Sogndal-press. Eit brassespark frå Otoo vart redda på streken like etter pause.
Molde kom noko betre med utover i andre omgang, og med kvarteret att å spele redda Petter Strand på streken.
På overtid skjedde det som var symptomatisk for denne kampen. Sogndal fekk ei rekke sjansar berre meter frå målstreken, og ballen var både i tverrliggaren og vart redda på strek. Men over lina ville han ikkje.
Dersom få skjønte korleis Molde kunne vere i føringa til pause, kunne endå færre skjønne korleis Sogndal måtte gå tomhendt heim frå denne kampen.
– Det er framleis nesten ikkje til å tru. Eg kjem sikkert til å klype meg sjølv i armen når eg ser kampen i kveld og i natt, seier Tom Mangersnes.
Og han får støtte frå Molde-trenar Skullerud.
– Dette var ikkje fortent. Vi hadde ein fantastisk keeper og eit fantastisk mål, men elles var det på mange måtar ein dritkamp. Vi var ikkje klare, seier Skullerud.
(Artikkelen held fram under biletet)
Trur på siger i Bergen
Brann tapte 2-1 mot Bodø Glimt i kveld. Dermed er Glimt sikra ny kontrakt i Tippeligaen, medan Sogndal framleis er eitt poeng føre Brann og tre føre Sandnes Ulf. Dermed vil anten siger mot Brann i Bergen, eller uavgjort mot Brann og siger i siste kamp heime mot Stabæk, vere nok for Sogndal.
Då vil laget ende på tredje siste plass, noko som gir retten til ein kvalifiseringskamp mot laget som blir nummer tre i førstedivisjon. Vinnaren får Tippeliga også neste år.
For Bolseth er det uansett siger som gjeld i Bergen.
– No skal vi reise til Bergen og vinne. Alt er opp til oss. Vi skal ha kvalikkplassen, seier kapteinen.
– Eg er framleis overtydd om at vi løyser dette sjølve. Marginane kjem til å jamne seg ut, seier trenar Jonas Olsson.
Ifølgje Ulrik Flo vert det ikkje noko problem å motivere seg før kampen
– Det blir sesongens viktigaste kamp, og den viktigaste eg har spelt. Dersom du ikkje får motivasjon av å kunne sende Brann ned ein divisjon, får du aldri motivasjon før ein kamp, seier han.