Hopp til innhold

Sogndal G19 er skandinaviske meistrar

Sogndal sitt gutar 19-lag vart søndag ettermiddag skandinaviske meistrar etter å ha slått det danske laget AGF 1–0.

Sogndal G19 er skandinaviske meistrar

MEISTRAR: Sogndallaget vart meistrar i den skandinaviske meisterskapen etter først å ha vorte noregsmeistrar.

Foto: Rune Sjøberg

– Dette er veldig stort, for det betyr at vi held eit nivå som er på høgde med dei beste juniorlaga i Danmark og Sverige, og det er eit høgt nivå, seier trenar for G19-laget Håvard Hatle.

Han seier at det er veldig stort å bli skandinavisk meister, men han er ikkje veldig overraska over at dei kunne nå så langt.

– Det er eit lag som spelar veldig bra og er i ein veldig god flyt om dagen, og då går det nesten litt av seg sjølv, seier Hatle.

trenaren skildrar kampen som jamn og tøff, men han meiner det beste laget vann.

Sogndølen Mathias Sundberg skåra kampens einaste mål etter ti minutt i den første omgangen.

Sogndal kvalifiserte seg til finalen etter å ha slått det svenske laget Häcken 2–1 i Göteborg fredag kveld.

Kristian Rutlin

KRISTIAN RUTLIN: Keeper Kristian Rutlin har vakse opp i så langt unna Sogndal si heimebane Fosshaugane, no er han og Sogndal G19 skandinaviske meistrar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Første gong eit norsk lag vinn turneringa

Det er første gong eit norsk lag vinn turneringa skandinavisk meisterskap.

– Det har blitt jobba veldig godt over lang tid med dette laget, og då er4 det kjekt å ta steget heilt ut, seier Hatle.

Sigeren i den skandinaviske meisterskapen skjer berre ei dryg veke etter at Sogndal G19 vart noregsmeistrar etter å ha slått Rosenborg G19 3–1 i NM-finalen. Den kampen enda i ekstraomgangane, og Sogndalspelar Akor Jerome Adams skåra alle tre måla for sogndølane.

Håvard Hatle

NØGD: Trenar for G19-laget Håvard Hatle meiner det er ein veldig stor prestasjon å vinne skandinavisk meisterskap.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det gror veldig godt i fotballen i Sogn og Fjordane, og det som er kjekt er at det er mange lokale spelarar på dette laget. Fleire frå Sogndal er med, men også Årdal og Sandane er til dømes representerte, seier Hatle.