Sogndal 2 skuffa stort i fjor, og alt anna enn ein solid framgang frå 8. plassen vil vere både overraskande og flaut for eliteklubben. Kjetil Sønnesyn og Rune Eckhoff har teke over trenaransvaret. Spelarstallen er utvida med nye talent, og klubben ser ut til å legge meir i satsinga på dei nest beste. Saman med tilgangen av disponible førstelagsspelarar vil dette gje Sogndal 2 ein 4. plass i tredjedivisjon i år.
Utviklingsslag
Ambisjonane til Sogndal 2 er prega av at dei først og fremst er utviklingslag for eliteserielaget, og at prestasjonsmål og utvikling av enkeltspelarar er viktigare enn konkrete resultatmål.
Tilgangen på tilgjenglege førstelagspelarar vil naturleg nok variere gjennom sesongen, men i år vil ikkje 3. divisjonslaget vere avhengig av påfyll frå elitelaget, meiner ein nesten skråsikker trenar.
Motivasjonen til tippeligaspelarar som må ta til takke med den lokale 3. divisjon som arena, er ikkje alltid like stor, og innsatsen er ofte prega av dette. Men arbeid blir gjort for å motivere alle til å bidra, også førstelagsspelarar som må spele andrelagsfotball.
Tornado Måløy FK på tredje plass
Tornado Måløy har som målsetjing å prege toppen av 3. divisjon i år. Med ein godt balansert og brei spelarstall, med dobbel dekning på alle plassar, og ikkje minst ein fotballkultur som få andre kan vise maken til, trur eg at laget tek 3. plassen.
Assistenttrenaren Geir-Ove Refvik har teke kommandoen over laget etter Jon Georg Rutledal, men Refvik ser ikkje det som å hoppe etter Wirkola.
Satsar offensivt
Tornado har satsa på solid defensiv organisering dei siste sesongane. Opphaldet i 2. divisjon gjorde det naudsynt med gjerrig og kontringsorientert fotball, men no er tida inne for å satse meir offensivt, meiner Refvik
Spelarstallen i Tornado Måløy er om lag på nivå med fjorårsutgåva. Men samhaldet i gruppa har fått mogna eit år sidan samanslåinga. Tornado Måløy framstår som eit velbalansert lag. I år må dei klare seg utan måltjuven Kristoffer Aarskog, som putta jamt dei få månadane han spelte i fjor, men angrepsrekka er likevel betre i år.
Plass | Lag |
---|---|
1 | Stryn |
2 | Førde |
3 | Tornado Måløy |
4 | Sogndal 2 |
5 | Høyang |
6 | Fjøra |
7 | Skavøypoll |
8 | Sandane |
9 | Florø |
10 | Saga |
11 | Dale |
12 | Eid |