Hopp til innhold

Har fått på plass fleire basestasjonar, men framleis mange utan summetone

– Det har gått langt betre enn frykta, men Sogn og Fjordane er hardast råka, summerer opp telefonileverandøren etter Tor sine herjingar.

Bjørn Amundsen

STADIG BETRING: Fleire og fleire får no igjen telfon og nettilgang, men framleis er mange av kundane til dekningsdirektør Bjørn Amundsen utan summetone.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I alt 911 av Telenor sine breibandkundar har framleis ikkje kontakt med verdsveven, og 1177 av fasttelefonikundar er utan summetone.

– Det går rett veg, dette var heldigvis ingen ny Dagmar, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen når NRK snakkar med han klokka 15.45.

Romjula 2011 var 21 000 Telenor-kundar utan fasttelefon og 7 000 utan Internett. Då var mange var utan telefonsamband og internett i fleire dagar etter romjulsorkanen Dagmar.

– Vi har hatt det mykje meir dramatisk, og vi frykta Dagmar-tilstandar. Det vart heldigvis ikkje det. Det er ingen kommunar som ikkje har fasttelefoni, mobilsamband eller internett, seier Amundsen.

Hardast råka

Telenor vakna opp til ein heilt annan situasjon etter Tor, enn dei gjorde etter romjulsorkanden Dagmar. Av alle utfalla på landsbasis, er det aller meste i Sogn og Fjordane.

– Her har vi kring 1 600 breibandkundar og 1 200 fasttelefonikundar ute, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen. På mobilfronten er det derimot uvisst.

Berre i Sogn og Fjordane var 64 av telegiganten sine 700 basestasjonar ute. No er talet redusert til 27, og det går sakte framover. Av kommunane som er verst råka er Gulen, der seks basestasjonar er ute, og det same er det i Florø. Elles er ein no nede i ein og to basestasjonar som er ute i kommunane.

Ein innringar fortel at mobildekninga er ute i nesten heile Askvoll.

– Ut frå det vi ser no, er manglande kraft hovudårsaka til så å seie alt av utfall. Når straumen kjem tilbake ventar vi at alt er inne att, seier Amundsen.

– Når reknar du med at alle kan ha fått igjen nett og telefon?

– Det torer eg ikkje seie, men det vil nok gå ut i neste veke føre alle basestasjonane er i drift igjen, men då snakkar vi om enkelt-basestasjonar.

Stort utfall i Solund

I Sogn og Fjordane er det Gaular, Askvoll, Hyllestad og Gulen som er hardast råka. Like før klokka 08 fall også selskapet sine åtte stasjonar i Solund ut.

– Mogleg årsak til utfallet i Solund kan vere kraftfutfall i Rutledal-området. Vi sender aggregat til vår sentral på staden, og håpar det er årsaka, seier Amundsen.

Klokka 13 opplyser Amundsen at Rutledal-sendaren igjen er i drift, og at basestasjonane i Solund no er oppe og går att.