Hopp til innhold

Snyltar på andre sine bossdunkar

Søppelsnylting er i ferd med å bli eit stort  problem. Stadig fleire tek seg til rette og kastar boss i dunkar som til høyrer andre.

Overfylte søppeldunker (ill.)

Det er slike tilstandar Sunnfjord Miljøverk vil ha slutt på. Dette biletet vart teke i sommar på utstillingsplassen i Førde der selskapet har mottak for hytteavfall.

Foto: Kai Aage Pedersen / NRK

Fastbuande brukar blant anna dunkar som er sett av til hytteeigarar.

- Dette er snylting og reint tjuveri, seier dagleg leiar Håkon Grepstad i Sunnfjord Miljøverk.

- Stel andre sin plass

Overfylte bossdunkar.
Foto: Kai Aage Pedersen / NRK

Stadig fleire gjer det: Snik seg bort og kastar bosset sitt i andre sine dunkar. Det skapar store problem for avfallsselskapa som må setje ut stadig fleire nye dunkar.

- På enkelte stader er det eit stort problem. Vi veit at det ikkje er hyttene som er grunnen til at vi har blitt tvinga til å setje ut større dunkar. Enkelte stader ser vi ein skog av hyttedunkar, og ein del burde ikkje ha vore der, forklarar miljøverksjefen.

Har sett inn annonse i avisa

No har han sett seg nøydde til å rykkje inn ein annonse i lokalavisa, i eit forsøk på å få slutt på problemet.

- Då vi over lengre tid ser at dunkane vert tjuvbrukte så er det grunnen til at vi reagerer. Men dette er ikkje berre eit problem i Sunnfjord. Det gjeld heile Norge. Det er eit gammalt problem, og vegvesenet har jo slite med dette på rasteplassane i mange år. Det er nokon av oss som rett og slett er luringar og stel plass hos andre, seier Grepstad.

Overfylte bossdunkar.
Foto: Kai Aage Pedersen / NRK